Carnegie Hall, Royal Albert Hall og litt snue

Blogg! Det var ei stund sidan ... Det har vore så MASSE PÅ GANG! Påska kom brått på, og eg hadde ein litt utypisk påskeferie i år, kan ein vel seie. Oppkøyringa var ganske intens på skulen, masse som skjedde og søknadar som måtte leverast før eg tok av garde. Køyrde meg litt hardt, men mitt gode immunforsvar tok støyten. Så reiste eg til New York med Oslo Kammerkor, det var litt av ein tur! Rart å vera i eit land der det skjer så sjukt viktige ting for tida, det var ganske rart å sånn tilfeldigvis snuble over Trump Tower ... og MATEN. wlæhr. Magen min og loff/croissant/fett/olje/bæsj er IKKJE good match. 

Me var ein del av ein korfestival som endte med finalekonsert i Carnegie Hall, FOR ein hall! Vil koma tilbake der og syngje solokonsert, sånn serr, det skjer. Diverre var me ikkje der så lenge at jetlagen slapp heilt, og Dumveig hadde med seg litt for lite klede. Eg og ei anna i koret tok direktefly til London for å hengje litt med Norges Ungsomskor på World Youth Choir Festival. Problemet var at då hadde mitt eksepsjonelle immunforsvar fått nok. "Solveig U GOTTA CILL!" Så eg vart sjuk, då. Kjipt å ikkje kunna syngje på ein SYNGJETUR, og ein føler seg ganske unyttig og handicapped. HELDIGVIS klarte eg å syngje på den viktigaste og kulaste konserten i Royal Albert Hall, det var eit lyspunkt! Vakre menneske og god musikk er jo ganske fint, men når ein har lyst å liggje i senga si er buss litt slitsomt ;) Fekk ordna ein hårklipp tho! Eg er veldig glad for at det er turné med NUK i sommar óg, sånn at eg får sunge og vore til stades 100%! 

Heime att i Noreg var det godt å ha nokre dagar til å besna på, hadde likk ekstra fri frå skulen, DIGG. Hadde jo sjølvsagt smitta Pus, så me hadde sjukestove på Kringsjå hehe. Skule! Godt å endeleg ha songtime igjen.

No når eg sitt her og prøvar å hugse når eg starta på dette innlegget og når påskeferien eigentleg var, innser eg at tida ikkje har slutta å flyge. Det er 9. MAI, FOLKENS. Nesten ein månad sidan me tok av for å dra til USA. et føles allereie lenge sidan. Rart at ein 45-minutters skuletime kan følast som den lengste evigheita i verda, men så har plutseleg 5 veker sprunge sin veg, just sayin. 

"Snart eksamen" er ein setning eg ofte høyrer i desse tider. Tenkjer "meh, det er lengje til" kvar gong, men snart (om to veker?) kan eg ikkje nekte for at det skjer. Snart. Har berre litt over ei veke ordinær undervisning igjen, hoihoi. Sånn at eg slepp å tenkje på akkurat det nå skal eg slengje ut litt bilete frå den urimeleg lange tida dette innlegget eigentleg handlar om- highlights om du vil. Yea!


Mest sannsynleg verdas STØRSTE RAUHÅL eig dette tårnet, sjukt.

Pene girlsa <3 Sandrine og Hanna. (send meg pm for kontaktinfo)

Huset mitt. Neidå... Me gjekk på arkitek-tur i ein by me hadde konsert i (Connecticut en plass)

How awsome (am I) is THIS #NY

OI! Så hoppa me til UK, her hadde eg fått klippa meg ENDELEG #sjukdomsveig

Her er min pus som hoppar. Ja, det er mi veske.

åååå #nam

OI! Hoppa til Noreg igjen, fann ein kul murvegg.

Sykkeltur rundt Maridalsvatnet #yolo #inspo

Sminka bryna raude ein kveld. Neste dag på skulen var eg dei blå #truestory #faktisk #spørsandrine

Fin i selskap ein av sommardagane me hadde nettopp, (laurdag) klarte å vera for varm i DETTE. Sjukt.

Her vel eg å avslutte eit ganske langt og ein smule ustrukturert innlegg. Så var dykk litt oppdatert på livet, ialfall det som har skjedd innan ein to månaders radius. Kjenner eg kosar meg veldig med å skrive, så det kjem nok meir etter kvart! Ynskjer alle ein ypperleg onsdag kveld, eg skal gå å tisse og ta av ansiktsmaske. Må berre slengje ut at eg har sykla til OG FRÅ skulen sånn 4 dagar på rad nå, det tykkjer eg fortener creds. 



- Veig out som bare det


#travel #reise #kvardag #bilete #livsstil #sjukt #bukser 

LIVET SKJER

Tida er ein morosam ting. Nokre dagar dreeeeeg ut til det uendelige, medan andre berre skjer utan at du eigentleg fekk det med deg. Ein typisk sundag kveld: sit å førebuar/gruar meg til ALT som skal skje den neste veka. Mondag går saaakte og eg tenkjer at det kjem til å ta så lang tid før eg kan sei det er helg igjen. POF, FREDAG. Det beste med at veka spring er at oppgåver vert utsett "fordi eg har så god tid" åså blir det stress i staden #berreminfeil Har hatt MYKJE på tapetet ei god stund no, så eg tenkjer å berre slenge nokre bilete for å vise nokre drypp frå mitt utruleg interessante liv. Heh. Alle hjarter gleder seg ;)

 

Lagar kunst mellom slaga #terapi. Trur Ole Eilert er ein litt einsam meis.


SOOO purrty in wig! Bilete frå då eg var i koret på Don Giovanni i regi av KhiO, veldig moro å få syngje på scene 2 i operaen :O


Veldig bra selfie-lys backstage!


Var på ein skitur midt oppi alt, vinteren kjem og går og kjem og kjem og går litt som den vil her i Oslo...


Vakre kor-medlemmar <3


Ikkje den verste feilstavinga eg har vore borti :3 #dennorskeoperaogballett


FAMILIEBESØK var veldig god stemning! laget med dette kunstverket av eit hus vann, sjølvsagt :)


Kunst i H0806. 


Glede over vårtegn, ENDELEG. Ja, eg er i heisen.


Sol og briller og litt dårleg vinkel ;) #koreabrillene


Sørpe i trynet hjelper mot det meste.




Måtte ta bilete av min kjekke samboer i bunad, det blei så norsk og fint! Me skal vera med i Norges Ungdomskor i år, og dei har bunad som uniform. Stakkars Henrik har ikkje bunad, men min far var snill og lånte bort sin. Bunaden var snill og sat som støypt. Heheh. 

No driv eg å førebur meg på tur heim til Jæren. Gler meg til abnorm stølheit etter bra treningsøkt idag #fitnessveig hahahah... Dykk høyrer nok snart frå meg att! Legg merke til at eg har begynt å gjera piece-teikn på bilete. Veit ikkje heilt kva eg føler ang det enno.


 

- Veig out! (of Oslo!!)

 

 

Det var ein gong ein mondag...

Det var ein gong ein mondag, i eit vakkert land laangt oppe i nord av verda, at ei blå prinsesse forsov seg. "Skulle berre slumre ein gong," MY A**. Så istadenfor å vakne kvart over 7 med god tid til mat, fjas og fiksing, stressa ho på seg RYNKER ved å ordne alt frå kvart på 8-8. Frukost vart til matpakke og sminke fanst berre i sekken. Tannpuss, kva er det? 

Den lille, krøllete dvergen fann fort ut at det var signalfeil på t-banen. PRINSESSER LIKAR IKKJE Å TA BUSSEN. Men ho fekk sitjeplass, og åt frukosten sin medan ho kommuniserte overberande med framande undersottar. Då ho sendte ei brevdue til meisteren i faget ho kom til å vera for sein til, fekk ho umiddelbart svar - i krystallkula- at meisteren sjølv sat fast i trafikken. 

Prinsessa hadde ikkje så mykje fore på skulen denne mondagen, ein time med bevegelse, litt smektande sangoppvarming ilag med småfuglane, mat, samansvergelsar med hennar vakre hoffdame Sandrine, meir song med småfuglane, OG TIL SLUTT improvisasjonstime. (Frøken Blå er veldig dyktig på å lage vindlydar med munnen sin, så det er eit ypperleg fag for henne.)

Heldigvis var hestane og vognene i orden igjen til heimturen, så bussen fekk sleppe. Alle må handle, til og med dei kongelege, så Blå tok seg ein tur innom Kiwi på vegen heim. DET VAR KLART FOR TACOMONDAG. I frykt for masse restar, inviterte prinsessa og dvergen to vakre og modige riddarar, Daniello og John. Dei åt masse, så det vart INGEN restar som kunne ta plass i kjøleskåpet, h u rr a. I det kongelege palasset er det alltid dessert, dei fekk servert fruktig is på pinne. 

Blå hadde ein særskild koseleg kveld på slottet, med latter og sang og dans heile natta (kutt "dans" og "heile natta"). No sit ho i den blå sofaen sin og ler godt av sine eigne måtar å skrive om sitt ganske vanlege liv på. Når ho legg seg i kveld saman med dvergen, kaninen, 3 ekorn og ein bjørnunge, er ho ganske nøgd med denne mondagen. Ho har tross alt ikkje teke ein einaste nap eller sedd på Netflix. Ikkje har ho kjøpt bolle på t-banesta- jo. ho kjøpte ein bolle, men det var fordi ho FORTENTE den. 

Her er eit bilete av Blå (aka meg) i den fine kjolen sin:


- Blåveig Out!

 

 

 

#tacomondag #princess #eventyr #lol #livet

 

 

 

KUNST, pappa og livet.

Idag er det fredag?! 

Idag er det fredag! Sidan Gutten drog sin kos (Til Kristiansand) på onsdag, har eg vore berre litt einsam. DET ER IKKJE ALLE SOM STARTAR SKULEN 23. januar. Eg er heldig og har fått helde på sidan 12. ;) Hehe. Eit tips til å få sovne åleine er å syngje nattasang til seg sjøl. Seriøst! Det funker. Var på Astrup Fearnley-museet for å se utstilling om Los Angeles (og for å se på menneska som ser på utstillinga). Var både interessant utstilling og mange stilige menneske. Likte at det var fokus på medaljen si bakside, alle sidene bak det glamorøse ved Hollywood og LA, raseskilje, satire, porno og møblar på veggen. KUNST! 


Bilete lånt frå muséet sine nettsider, foto Christian Øen.
 

Pappan min har kome på besøk, det er chill, for då har eg selskap/kompis og ekstra lommebok (viss det er lov å seie). Prisar meg (og staten) lukkeleg for at stipendet endeleg er på plass! Har hatt litt problem med å skjønne systemet med at du må betale semesteravgifta for å få utbetalt stipend, når du kanskje treng stipend for å betale avgifta. Jaujau.


"Avislesning og filosofi på toget" av Solveig Bergersen

Dagen: har spelt squash, gått på skeiser på Sognsvann og hatt med Pap på skulen #Produktiv ! Veldig deilig å føle at du får MAX utav ein dag, og likavel fekk sove nesten nok! Hoho. (Egg og bacon-frukost er jo nok til å kvalifisere i seg sjølv)

Plutseleg var det helg, og den planleggjer eg å feire/chille på Ås. Me har stasjonert oss hjå farmor, så eg kan ikkje seie at pappa kom berre for å besøke meg, diverre. Ventar på respons frå Gutten, tenkte å prøve meg på den strategiske "sender ikkje melding for at den andre skal gjera det først," med varierande resultat. Kraup til korset og sendte ein FB-melding. Kan ikkje klandre nokon som befinner seg i Noregs mest spanande by, KRISTIANSAND, heller!

Her kjem litt av min eigen "kvardagskunst":

Fant ein SJUKT MORSOM teikneserie, så eg måtte ta fram pennen sjølv. Sjekk ut Krutt-Kim, forresten, det er bra humor.


Work wid wot u GOT! Frå ein eller annan forelesning. Betre å drodle litt enn å sovne, tenkjer nå eg!



Det er vel eigentleg spørsmålet ein ender opp med. WILL U? 

FOR et tullete innlegg, men HEY! Det er herleg å bestemme/spy ut det som passar meg. Akkurat no ser me Sauen Shaun på TV, morsomt kva som går klokka 23:10 ;) Eg tenkjer å sjå på alt mogleg utenom Donald Trump si presidentinnsetjing, så langt det går! Akk...

 
Her er eit bilete av meg med raudt hår, for det var visst og ein ting. Har gjort så masse at eg ikkje har teke bilete av meg sjølv idag, shitass. 

 



- VEIG OUT!

 

Ps: Ole Brumm og eg er vener enno assa, Sauen Shaun er gjesteartist.

#livet #kunst #pappa #sauenshaun #swagveig

Mondagsblues (evt. hår HAHAHA)

Eg sit i stova å keier meg sånn akkurat passe. Ein gedigen oppvask er endeleg overstått, den var ikkje så galen som han såg ut, lure-oppvask! TACOMONDAG er framleis ein ting, til dei som lurte på det ;) Blei litt på den raske måten idag, tho, i og med at PUZ måtte på jobb uforskammeleg tidleg #16:30. Godt at eg er heftig ninja på å kutte grønk.

Her kjem det eit par bilete sidan sist gon eg var innom. Trust me; dykk får berre DET BESTE! (kansje det seier noko om fotokvalitutten min)

Ventar på sushi-daten min. Prøvar å ta diskret selfi, det funka sånn OK- 

Var tur PÅ Sognsvann ein dag, det var faktisk VAKKERT. #inspogram #yolo #is


Behind the scenes...




Hoppelooni! NÅ MÅ DU SNU PÅ TELEFONEN. (evt. klarte eg ikkje snu det... )

Syns eg va flinq på denne sminq. Må vera lov å pose litt <3




Til slutt dagens øve-selfi. Eg og stemmegaffel. Håret vert meir og meir pastell, men HEY! Fresht.

Den store binge-watch-serien for tida er "RuPauls Drag Race." Heilt fantastisk! SÅ masse kreativitet. (og hating, og bit*ing, men ja: Underhaldninggg) Har hatt ein god skyping med mamsen min <3, dei vert ekstra nære når dei er så langt vekke, av ein eller annan grunn. No er eg klar for å ha det akkurat passe keisamt heilt til eg legger meg, så vert det endinga på ein veldig fin - men trøtt- mondag. 

Mogleg eg gjer litt lekser og, får sjå.



       

  - VEIG OUT!

 

#yolo #veig #livet #mondag #is

Hei, hå, så var me her igjen.

Vakre, vinterkledde Jæren. 


 

La 2017 vera det året me vert meir nøgde og takksame for livet og tek godt vare på både oss sjølv og andre. 
Eg håpar me kan ynskje mange nye landsmenn velkommen med opne armar og nå målet om mindre miljøutslepp heilt på ekte.

Ynskjer alle eit håpefulllt og positivt år med gode møte og mykje vakker musikk.
Takk for det gamle og nyt det nye!

Dette posta eg på Facebook no i starten på nyåret. Sidan eg berre skriv på bloggen når eg har lyst, har det gått ganske lang tid sidan sist. NULL stræs. Tilbake til det eg skulle skrive om: dette nye som har starta. Det er mange tankar som rasar gjennom hovudet i tider som dette. I år skal eg begynne å TRENE og vera den beibaste beibeversjonen av meg sjølv. I år skal eg slutte å ete drittmat frå tid til annan og øve skikkeleg masse kvar dag. I år skal eg vera hyggjeleg med ALLE, til og med dei eg ikkje har så mykje til overs for (til dømes til dykk, Sylvi Listhaug & Co)  ....
 

(ein liten bileteserie frå tida som har vore ...)

Eg trivst med blå sjel/hår. Unnskyld, Farmor ...


Det er moro å pose. SÅ DET SÅ.


Han her må slutte å vekse 10 cm for kvar gong eg ser han... ah!


Den viktigaste fanklubben er FAMklubben. (og vener sjølvsagt)  Love all the way. Mykje musikk i jula #takksam 




Åså har me denne sjeggete baben og. (eg har augnebryn i røynda, lovar)

I år skal vera det året eg er glad i meg sjølv. Eg skal setje pris på kroppen som fungerer ypperleg og til og med har litt i reserve til dårlege tider. Eg ynskjer å vera open mot andre og mot meg sjølv, og vil vera ei betre syster, ven kjærast og dotter. Nyttårsforsettet mitt er å ikkje lage så mange dumme nyttårsforsett. RETT OG SLETT. Hahah, det ser tullete ut, men eg håpar du skjøner kva eg meiner! Kvifor skal me pine oss sjølv med nytt stress og urealistiske mål fordi me har fått "blanke ark"? Håpar jo at eg klarar noko så enkelt som å kutte litt søtt i vekene- point beeing- det treng ikkje vera så ekstremt. 

Sit i stova på Varhaug og høyrer på vinden som ULER. Eg ser han ikkje, men ule, det gjer han. Det er så mange vindar i verda no. Kanskje me skal setje fokus på å jobbe med dei tinga me ikkje ser, men som alle veit er der. Sjølvkjensle, medkjensle, openheit og venleik. Korleis me føler oss er tross alt viktigare enn korleis me ser ut utanpå! Nyansane av "frisk" er så mange!

<3

Til slutt vil eg seie at eg har hatt ei flott feiring med masse musikk og gode møte med menneska eg er glad i, og håpar alle har hatt ei fin julehøgtid. Ynskjer dykk eit chill nyttår!



 

                       - Veig Out

 

 

Kult, kjekt og litt seriøst.

FREDDA!

FOR eit ver me har hatt idag, rakk ein nydeleg tur rundt Sognsvann i Winter Wonderland før korøvelse på skulen.

Macen er i orden, TAKK GUD. Passa så utruleg godt at den gjekk ad undas rett før eg hadde tenkt å faktisk få gang på eksamenslesinga. (Den snille kjærasten min lét meg låne sin litt, så det kunne vore verre) MEN! Digg å ha den att, til og med utan å ha mista nokon ting som var lagra der! 

Det er ei stund sidan eg har skrive, har ikkje hatt lyst, delvis grunna det med maskina. Ser på dette som ein anledning til å poste eit lite "Sidan sist-innlegg"



Fine fisken Trine på Akvariet i Bergen, kjempefin helgetur med pus. Gode møte med mennesker eg saknar i Oslo-kvardagen min.


Bilete-av-bilete: fine Malin, eg, og ein nisse eg fann i buskane. #polaroid



Øving skjer, men sidan eg ikkje alltid hugser å ta selfies, (??!) får me legge ved ein spesielt utvald. Tenkjer i etterkant at eg kunne smilt. 

 


Når eg av og til hugser at tegning er meditasjon, vert eg glad. Grunna relativt nært foreståande jul vart det ei nissekone. Hurra! 

 


Eg er så seriøs på utsida? Nah. Eventuelt er det fordi dette vart teke på t-banen, og eg ville ikkje folk skulle sjå det ... #fortoppogned Å ta t-banen kan vera alt frå DRITkjedeleg til kos, kjem an på om det er babyar der, for om det er det kan ein smile utan å vera rar!

Oslo Kammerkor var med på Stageway-konserten i Domkyrkja til inntekt for Kirkens Nødhjelp. Årets fyrste julekonsert!! Trur ikkje eg kjem til å verte lei av Deilig er jorden i år heller <3 #diskantenerbest

----

Dagens lille ettertanke:

Då eg hasta av garde for å hente den fiksa macen etter ei lang øving, hadde eg ei oppleving. Ein ung mann sat i utgangen av t-banen. "Har du eit par kroner?" kom det forsiktig. "Beklager!" sa eg automatisk, allereie var ute på gata. Litt lenger nede på vegen mot Eplehuset vart eg overvelda av skam og dårleg samvit. Hadde det vore så vanskeleg å ta opp lommeboka og gje han det eg hadde av smått? Penger eg uansett gløymer å bruke fordi alt er på kort for tida. Samvitet svann ikkje, og eg visste eg måtte ta same veg tilbake for å sjå om han framleis sat der. På veg opp bakkane lukka eg augene og ba ei lita bønn om at han ikkje hadde gått, eg orka ikkje dra heim med dette samvitet, egoistisk som eg er. Han sat der enno, ei dame hadde nett gitt han ein jogurt. *Puuust* Eg mumla for meg sjølv at eg hadde "hatt så dårleg tid," kvan prøvde eg å overbevise. Han takka overstrøymande og sa til oss begge at "det er godt det finst gode menneske" Eg skulle ha spurt om han hadde ein plass å bu. Eg skulle ha kjøpt mat til han, eller noko å sitje på, men eg gav han småpengane frå lommeboka mi og gjekk ned til t-banen med letta samvit.

Litt hummer og kanari dette innlegget her, men måtte berre dele tankane mine med dykk, det var istad, og heng enno sterkt i. No skal eg ta kvelden roleg, middagsmat blir laga i denne augneblenken, eg må jo vera den heldigaste <3

Ha ein kjempefin 2.desember vidare!



- tenkveig out

 


 

 

Torsdag er syngjedag.

Kvifor er det så vanskeleg å stå opp? Hadde det vore opp til meg, trengde ingen å stå opp i det heile. Berre det hadde gått an ...

 

Igår var dansedagen, sjølv om det fanst musikkhistorie, øving med meg sjølv/med Oslo Kammerkor. Å danse er faktisk FANTASTISK. Utan å seie eit ord kan du få ut masse aggresjon, inderleg glede og sorg. AH! Idag betaler eg prisen for unaturleg hopp, sprett og strekk, men det er heftig verdt det!  

Var fargerik idag. På t-banen.


Nokon hadde ribba denne oppe i 3. etg på NMH. Stakkars. #nofingers


Følelsen når lodda matcha skjørtet på kjolveig (litt)


Tomt lokale før alle dei 10 000 folka kom. Ja, ialfall 25, då.

Med både sang- og akkopagnementstime idag på skulen, hadde eg iallfall varma godt opp! Drog til Sandvika i 17-tida, ganske morro å gå med lang kjole på toget, føler meg litt viktig, liksom. Kjempekoseleg gjeng, svarte på dei same spørsmåla sikkert 10 gonger, men det er noko av sjarmen med at folk er ineterssert i kva du held på med. Får jo teke lite bilete sjølve, men blei lova å få bilete tilsendt, så det kjem kanskje litt fleire etter kvart. 



Det kan seiast mykje om damer og kjolar osv, men det er kjekt å pynte seg. 

Eg og pus fylgjer med på SKAM, første sesong for meg, men har sansen! Family Guy er og ein slager i heimen, akkurat passe grotesk og absurd ;) Har hatt ein særskild fin torsdag, og takkar han der oppe for at det er fredag imorgon (og at mensveig snart ikkje er meir) Følte for å dikte litt medan eg og Henrik leiker 20 spørsmål. (Alle burde forresten leike det, veldig bra for par. )

Dagar kom 

Lukkelege, varme

Etter at du kom

Snikande inn i livet mitt

Men du visste det ikkje heilt 



 

                       - Tullveig out 

#comicsans #livet #torsdag #musikk #haugtussa #hurra 
 

Tacomondag og Taylortysdag!

Mondag:

Eit ord som gjer mange assosiasjonar. Fyrste dagen i veka, "påan igjen" etter helgechill, "ops, nå må eg gjera alt eg utsette i helga." Eg prøvar å snu dei vanlege modags-vibbene for tida, tenkje at det er nye moglegheitar, ein fin dag osv. Det fungerar delvis ...  


(Bilete frå Googlis, men ganske realistisk)

 

Det luraste som har kome opp til no er -Trrrrrrommevirvel - MONDAGSTACO! Ah, dette klingande ord <3 Eg spør deg: Kvifor ha taco på til dømes fredag? Fredag er ein positiv dag i seg sjølve, helg og alt. Stakkars mondag treng litt omsorg og pleie for å verte stor og sterk, og kva er då betre enn å ete ein knasandes god og enkel rett? I tillegg fekk eg lov å sitte i sofan å sjå på Lilo&Stich medan nokon andre laga mat, lukkelegare mondag skal du leite lenge etter. Eg vert meir og meir svak for Disneyfilmar eg har sett 20 gonger, men begrensa meg til å gråte 4 gonger i løpet av Lilo&Stich, då ;) 



Idag er det perfekt vêr til stearinlys og kakao, difor inviterte eg søte Sandrine over på nett dette. Når drøsen sit laust og kakaoen inneheld smelta sjokolade er det ikkje vanskeleg å ha det koseleg. Vil anbefale Sandrine til kven som helst, ho er snill og ca. like kjempehøg som meg.

Her er Sandrine Seigemann.


Var på skulen idag, og hadde masse heidundrande fag + fotosession (aka øving ;)


Eg og Mozart går i terapi, og det vert meir ljos i tunellen. #Feirar! Men seriøst, øvde i ein heil time. (Shhhh, strykarar o.l.)

No sit eg her i stripete bukser og sumobrytart-skjorte frå Japan. Trur det er usunt å ete så masse sitrusfrukt, men EG BRYR MEG IKKJE, for klementiner er faktisk best. Eg føler meir og meir at det snart er jul, ÅÅ som eg gler meg! 

Dette er eit veldig lite serri innlegg, for dei som ikkje har merka det. Ynskja berre så inderleg å dele TACOMONDAG med verda. Vil óg dele musikken eg lyttar til akkurat no, av ein eller annan grunn passa det så godt med Taylor Swift idag. Litt sånn tåkete og mystisk, men smud. Jepp.

Om dykk ynskjer å høyre noko smuuud er det berre å sjekke ut:

WILDEST DREAMS:

IdneKLhsWOQ
 
BLANK SPACE:
 
e-ORhEE9VVg


Likar både gammalt og nytt frå Tay, men desse to kjem på topp 5. hehe. Var forresten DRITKULT at det går an å leggje inn Youtube-videoar, då blir lesarar plutseleg lyttarar ;) Må ha litt kvelds før putrikosen, trur han andre som bur her kjem heim frå korøvelse snart. Oslo Domkor er stas, har eg inntrykk av! (Ikkje like stas som Oslo Kammerkor, for der syng eg) 

Vil helsa dykk alle godnatt med eit fantastisk dikt om draumar, det passar så godt! 

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um

OLAV H. HAUGE / «DET ER DEN DRAUMEN»



          - Veig out etter mykje vas og moro

#comicsans #disney #livet #mat #hurra #mondag #tysdag

EG?

Nokre tankar ein mondag.

Eg hugser då eg byrja å meine noko. Det er kanskje rart å seie, men eg hugsar følelsen av at eg plutseleg hadde noko å seie, noko eg meinte var meir riktig. Eg hugsar at eg begynte å utfordra det eg var vakse opp med, kanskje ikkje mamma og pappa hadde alle svara? Alt det eg hadde lært på skulen trengde jo ikkje vera riktig. Om eg var vakse opp i ein fattig heim i eit anna land, hadde eg vore annleis. Eg ynskjer å tru at eg hadde vore like oppteken av menneskeverd, at eg hadde brydd meg om miljøet, om å ete bra mat og kle meg i morosame fargar. Akkurat det er det ingen som kan gje svar på.


Seriøs øveselfie, med den GULE genseren. Den er veldig meg. 

Det har skjedd så mykje i livet mitt dei siste åra, på alle moglege vis, og nokre gonger gløymer eg meg sjølv på vegen. Hausar vidare til den neste tingen, nesten utan å tenkje på grunnar og motivasjon. Eg har faktisk kome inn der eg alltid har tenkt eg skulle, eigentleg burde eg vera glad for det dagleg! Eg set meir pris på familien min nå når dei er litt på avstand, og snakkar med mamma nesten kvar dag. Det er deilig å bu åleine (ikkje heilt åleine, men nesten,) deilig å vera sin eigen. Det er mitt problem om rotet flyt eller om klesvasken ikkje er teken. Eigentleg burde eg vera glad for DET OG kvar dag. Me er så heldige som får studielån og desse MOGLEGHEITANE! Likavel er det tungt å liksom vera vaksen, for eg føler jo ikkje eg er det. Dei som har jobb, hus og familie, DEI er vaksne dei. Kanskje er eg vaksen når eg er 40.

Det slo meg ein dag at ei dame på 80 mest truleg føler seg nesten lik som då ho var 20, som meg. Åra går og me utvikler oss, men personen som formes er den same INNI. Det er så utruleg rart å tenkje på, men det kan gje meining til nye småting; som at eg følar meg nærare foreldra mine, og at eg og pappa kan le og snakke akkurat som me er like i ein augneblenk! 

No vart det veldig mykje på ein gong her. Det eg trur eg prøvar å seie er "Stopp opp." Ta ein pause i kjøret og hugs deg sjølv. Eg for min del, ynskjer å verte meir bevisst kven eg er som medmenneske ovanfor alle eg møter kvar dag. Kven eg er som musikar. Kven eg er som kvinne, syster, kjærast og ven. Eg må setje meir pris på alle dei fantastiske menneska i livet mitt, og irritera meg mindre over bagatellar -det er så UNØDVENDIG (og veldig vanskeleg å la vera). Lov å prøve! 


Pleier eigentleg ikkje øve, berre tek bilete. 

 

Så kven er Solveig Bergersen, her ho sit å kastar ut tankar på internett? Det er det ho jobbar med å finne ut.

 

           

    - Seriøsveig out

#tankar #livet #identitet #framleiscomicsans

SUNDAG (uten "sun")

SUNDAAG!

Sov skammeleg lenge (nei, vil ikkje seie det), men VERDT det. God tid i dusjen og omelett til frukost er heller ikkje å forakte. Fekk lest litt, alt er visst mykje kjekkare når det inneheld YouTubeklipp frå operaforestillingar! Det har ikkje vore særs hyggjeleg å øve i helga, eg har utvikta eit litt anstrengt forhold til herr Mozart, grunna eit vanskeleg stykkje det går seint framover med. SKAL VISE DEG EG, MOZART! (viss han hadde levd) Uuansett, eg seier hurra for at eg no kan sjå ljos i tunnellen.

Feira sundag og livet med å ikkje gidde lage meir mat, så det vart middag på Nambo på Majorstuen. NAM-bo, foråseiedetsånn ;) Nudler med biff&sjømat&grønnsaker. OG fanta, ikkje oppi som sådan. Er det andre enn meg som tykkjer det er rart at i rettar med sjømat/scampi o.l så er det alltid ca 2 scampi? 2?? jaja, dei var gode dei to som var, og, to be fair, det var MASSE anna i tillegg. 

"Kan du ta bilete av meg no?"


"Kikk ut vindauget, Solveig" Likte dette biletet, forsåvidt.


Dei raraste vårrullane til forrett, IKKJE steikt! Ganske gode og annleise.


*midt i ei viktig forklaring, som alltid*


TE i hybelen til FRIENDS Hermod og Sigurd.


Sigurd er ein søt, singel gut frå Hamar. Han studerer Historie og spelar fiolin. Likar han fordi han serverar gelé. 

Endte opp med å gå heilt opp til T-banen, trikken gjekk jo aldri! "Kvart 10. min." du liksom ... Rakk akkurat banen, tho. No er det bysselalle på meg, imorgon kjem den gode dagen me kallar MONDAG. Den skal møtast med mot i brøstet, det tenkjer eg iallfall no. Kanskje ikkje imorgon klokka 7 når eg har sove for lite? Hehe. Seier meg nøgd med dagen og håpar dykk som les dette har hatt ein lukkeleg sundag! 


                  - Veig out

 

 

#comicsans #sunday #livet #surfnturf #stripetebukseringenfekksjå

Laurdagskveld!

¡Mis amigos!

Må berre slenge med eit par bilete frå quelden, gidder ikkje leggja meg når Pusa uansett sit på macen sin. (Kjend følelse?) Klokka har passert 0, men sundag er jo som kjend CHILLEDAG, så det går braaa ;)

Det vart ikkje feil med kotelettar, nei! Tips for å gjera dei litt meir "classy" er å ha ovnsbakte grønnsaker til!

Var eigentleg på veg for å sjå "Arrival" på kino, MEN den var utseld. For min del var det heilt ok; me såg "Dr. Strange i staden." Marvel in my <3, ANBEFALES.


Det er mørkt og kaldt, så tok eit skjerf rundt halsen og eit rundt hovudet (lue er for noobs)




Dette biletet i ypperleg oppløysning viser min kjære i kjend stil bortover mørk Oslo-gate. Me fann aldri ein Kiwi/Rema/RImi el.l, (AT DET GÅR AN) så endte opp med kinogodt og popcorn. Klager vel ikkje på det, eigentleg. Det er morosamt eigentleg, når du ikkje har behov for ein daglegvarebutikk, dukkar dei opp over alt, men når du går og leitar i Oslo sentrum ein laurdag kveld, finn du berre ein stengd Coop Mega på Aker brygge ... ME FEKK IALLFALL EIN GÅTUR!

Frå spøk til salami: No er eg heime att og er trøytt som ein sokk, men det viser seg at å skrive på ein blogg er -som mange andre ting på internett- ganske morosamt (kansje til og med litt avhengigheitsskapande?). Skal prøve å logge meg av og ta kvelden no, det blir fint!

Kansje eg skal sjekke instagram på senga?

Kankje eg skal sende melding til dei på faceboo- 

... Nei, Solveig. FOR masse humor. Seier takk for laurdag og hei til days to come.


 

                  - Veig OUT 

 

#comicsans #laurdag #humor #kino #olebrumm #mat

Vær velkomne!

"Hei bloggen" 

Kva er det eigentleg ein skriv i sitt første innlegg?

Har skrive dagbok om kveldane i litt over eit år, og tykkjer skjølv eg er veldig morosam. Har leika med tanken om å skrive litt "for andre" og. Dette er meg som prøvar på nettop det ...


Vatnet! - av meg


Eg kan fortelje at eg gjekk ein utruleg fin tur rundt Sognsvann i vinterveret, og at dei som bur under meg i blokka ikkje likte
soveromsøving; BANK BANK... (må vera lov å syngje litt...) Har ellers gjort fint lite, teke i betraktning at eg hadde tenkt å lese heile Musikkhistorieboka denne veka. Har hatt så og seie fri frå skulen grunna prosjektveke -eit meget hyggjeleg opplegg Musikkhøgskulen har frå tid til annan. Har sove uforkaskamma lenge kvar dag, og eigentleg berre teke litt vare på meg sjølv. Me går mot hektiske tider med alle moglege konstertar, eksamen, og alt anna som må gjerast før eg dreg heim til jul og familie på Jæren.

Når eg tenkjer etter er dette kanskje ikkje den beste tida å starte ein blogg, sånn reint logistikkmessig, men eg hadde jo lyst NÅ! Ikkje i juleferien, ikkje neste år og ikkje "etter eksamen." (Kven veit, kanskje enno ein internett-basert distraksjon i kvardagen er BRA for læring i det lange løp!?)         Eg tykkjer det er lov å lyge til seg sjølve nokre gonger. 

Kva kvelden bringer blir spanande å sjå, han eg bur med nemnde kino. Det tykkjer eg var ein god idé, og om det så ender med å berre sitje heime å sjå ein film i sofan, er ikkje det heller den verste laurdagen eg kan forestille meg! Altså, kor gale kan det bli når det står svinekotelettar på menyen?

 


(bilete frå FHS ifjord)

 

- Veig out 

 

#comicsans #livet #nynorsk #oslo #noob

Les mer i arkivet » Mai 2017 » Mars 2017 » Januar 2017
hits