Det var ein gong ein mondag...

Det var ein gong ein mondag, i eit vakkert land laangt oppe i nord av verda, at ei blå prinsesse forsov seg. "Skulle berre slumre ein gong," MY A**. Så istadenfor å vakne kvart over 7 med god tid til mat, fjas og fiksing, stressa ho på seg RYNKER ved å ordne alt frå kvart på 8-8. Frukost vart til matpakke og sminke fanst berre i sekken. Tannpuss, kva er det? 

Den lille, krøllete dvergen fann fort ut at det var signalfeil på t-banen. PRINSESSER LIKAR IKKJE Å TA BUSSEN. Men ho fekk sitjeplass, og åt frukosten sin medan ho kommuniserte overberande med framande undersottar. Då ho sendte ei brevdue til meisteren i faget ho kom til å vera for sein til, fekk ho umiddelbart svar - i krystallkula- at meisteren sjølv sat fast i trafikken. 

Prinsessa hadde ikkje så mykje fore på skulen denne mondagen, ein time med bevegelse, litt smektande sangoppvarming ilag med småfuglane, mat, samansvergelsar med hennar vakre hoffdame Sandrine, meir song med småfuglane, OG TIL SLUTT improvisasjonstime. (Frøken Blå er veldig dyktig på å lage vindlydar med munnen sin, så det er eit ypperleg fag for henne.)

Heldigvis var hestane og vognene i orden igjen til heimturen, så bussen fekk sleppe. Alle må handle, til og med dei kongelege, så Blå tok seg ein tur innom Kiwi på vegen heim. DET VAR KLART FOR TACOMONDAG. I frykt for masse restar, inviterte prinsessa og dvergen to vakre og modige riddarar, Daniello og John. Dei åt masse, så det vart INGEN restar som kunne ta plass i kjøleskåpet, h u rr a. I det kongelege palasset er det alltid dessert, dei fekk servert fruktig is på pinne. 

Blå hadde ein særskild koseleg kveld på slottet, med latter og sang og dans heile natta (kutt "dans" og "heile natta"). No sit ho i den blå sofaen sin og ler godt av sine eigne måtar å skrive om sitt ganske vanlege liv på. Når ho legg seg i kveld saman med dvergen, kaninen, 3 ekorn og ein bjørnunge, er ho ganske nøgd med denne mondagen. Ho har tross alt ikkje teke ein einaste nap eller sedd på Netflix. Ikkje har ho kjøpt bolle på t-banesta- jo. ho kjøpte ein bolle, men det var fordi ho FORTENTE den. 

Her er eit bilete av Blå (aka meg) i den fine kjolen sin:


- Blåveig Out!

 

 

 

#tacomondag #princess #eventyr #lol #livet

 

 

 

2 kommentarer

Jofrid

30.01.2017 kl.22:05

Så eventyrlig flott skrevet! 😁 Det er kjekt å lesa om ditt unge liv 😙

Solveig Bergersen

01.02.2017 kl.11:42

Jofrid: Tusen takk <3 Var moro å skrive det og ;)

Skriv en ny kommentar

Solveig Bergersen

Solveig Bergersen

20, Hå

20 år, busett i Oslo. Tek ein bachelor i klassisk sang ved Norges Musikkhøgskole. Likar folk, musikk, humor, kunst, mat og sambuaren min. Hurra!

Kategorier

Arkiv

hits