Carnegie Hall, Royal Albert Hall og litt snue

Blogg! Det var ei stund sidan ... Det har vore så MASSE PÅ GANG! Påska kom brått på, og eg hadde ein litt utypisk påskeferie i år, kan ein vel seie. Oppkøyringa var ganske intens på skulen, masse som skjedde og søknadar som måtte leverast før eg tok av garde. Køyrde meg litt hardt, men mitt gode immunforsvar tok støyten. Så reiste eg til New York med Oslo Kammerkor, det var litt av ein tur! Rart å vera i eit land der det skjer så sjukt viktige ting for tida, det var ganske rart å sånn tilfeldigvis snuble over Trump Tower ... og MATEN. wlæhr. Magen min og loff/croissant/fett/olje/bæsj er IKKJE good match. 

Me var ein del av ein korfestival som endte med finalekonsert i Carnegie Hall, FOR ein hall! Vil koma tilbake der og syngje solokonsert, sånn serr, det skjer. Diverre var me ikkje der så lenge at jetlagen slapp heilt, og Dumveig hadde med seg litt for lite klede. Eg og ei anna i koret tok direktefly til London for å hengje litt med Norges Ungsomskor på World Youth Choir Festival. Problemet var at då hadde mitt eksepsjonelle immunforsvar fått nok. "Solveig U GOTTA CILL!" Så eg vart sjuk, då. Kjipt å ikkje kunna syngje på ein SYNGJETUR, og ein føler seg ganske unyttig og handicapped. HELDIGVIS klarte eg å syngje på den viktigaste og kulaste konserten i Royal Albert Hall, det var eit lyspunkt! Vakre menneske og god musikk er jo ganske fint, men når ein har lyst å liggje i senga si er buss litt slitsomt ;) Fekk ordna ein hårklipp tho! Eg er veldig glad for at det er turné med NUK i sommar óg, sånn at eg får sunge og vore til stades 100%! 

Heime att i Noreg var det godt å ha nokre dagar til å besna på, hadde likk ekstra fri frå skulen, DIGG. Hadde jo sjølvsagt smitta Pus, så me hadde sjukestove på Kringsjå hehe. Skule! Godt å endeleg ha songtime igjen.

No når eg sitt her og prøvar å hugse når eg starta på dette innlegget og når påskeferien eigentleg var, innser eg at tida ikkje har slutta å flyge. Det er 9. MAI, FOLKENS. Nesten ein månad sidan me tok av for å dra til USA. et føles allereie lenge sidan. Rart at ein 45-minutters skuletime kan følast som den lengste evigheita i verda, men så har plutseleg 5 veker sprunge sin veg, just sayin. 

"Snart eksamen" er ein setning eg ofte høyrer i desse tider. Tenkjer "meh, det er lengje til" kvar gong, men snart (om to veker?) kan eg ikkje nekte for at det skjer. Snart. Har berre litt over ei veke ordinær undervisning igjen, hoihoi. Sånn at eg slepp å tenkje på akkurat det nå skal eg slengje ut litt bilete frå den urimeleg lange tida dette innlegget eigentleg handlar om- highlights om du vil. Yea!


Mest sannsynleg verdas STØRSTE RAUHÅL eig dette tårnet, sjukt.

Pene girlsa <3 Sandrine og Hanna. (send meg pm for kontaktinfo)

Huset mitt. Neidå... Me gjekk på arkitek-tur i ein by me hadde konsert i (Connecticut en plass)

How awsome (am I) is THIS #NY

OI! Så hoppa me til UK, her hadde eg fått klippa meg ENDELEG #sjukdomsveig

Her er min pus som hoppar. Ja, det er mi veske.

åååå #nam

OI! Hoppa til Noreg igjen, fann ein kul murvegg.

Sykkeltur rundt Maridalsvatnet #yolo #inspo

Sminka bryna raude ein kveld. Neste dag på skulen var eg dei blå #truestory #faktisk #spørsandrine

Fin i selskap ein av sommardagane me hadde nettopp, (laurdag) klarte å vera for varm i DETTE. Sjukt.

Her vel eg å avslutte eit ganske langt og ein smule ustrukturert innlegg. Så var dykk litt oppdatert på livet, ialfall det som har skjedd innan ein to månaders radius. Kjenner eg kosar meg veldig med å skrive, så det kjem nok meir etter kvart! Ynskjer alle ein ypperleg onsdag kveld, eg skal gå å tisse og ta av ansiktsmaske. Må berre slengje ut at eg har sykla til OG FRÅ skulen sånn 4 dagar på rad nå, det tykkjer eg fortener creds. 



- Veig out som bare det


#travel #reise #kvardag #bilete #livsstil #sjukt #bukser 

2 kommentarer

Lars Ole

10.05.2017 kl.08:54

Det "How awsome (am I) is THIS #NY"-bildet - er det på Times Square?

Solveig Bergersen

10.05.2017 kl.10:55

Lars Ole: nei, men det er rett ved 9/11-memorialet og der i området! Soho og sånn

Skriv en ny kommentar

Solveig Bergersen

Solveig Bergersen

21, Hå

20 år, busett i Oslo. Tek ein bachelor i klassisk sang ved Norges Musikkhøgskole. Likar folk, musikk, humor, kunst, mat og sambuaren min. Hurra!

Kategorier

Arkiv

hits